Opphaldstaden/The Stay

sufh-1

Under årets sommarsesjon skal vi opphalde oss på Sunnmøre Folkehøgskule i fagre Ulsteinvik. Sidan 1844 har ungdommar frå Norden reist på internatskule eitt år før dei tek fatt på det vaksne livet. Ein får høve til å fordjupe seg i eigne interesser, tilleggspoeng og livserfaring. På ein folkehøgskule skal ein ikkje berre få ei oppleving for livet, men óg eit høve til å vekse som menneske. Tidlegare var dette bygget eit hotell- og konferansesenter, men frå 2006 har Sunnmøre Folkehøsgkule held til her. I sommarmånadane fungerer skulen som hotell og vandreheim.

 

p3070328lol-2lol-2

Overnatting og alle måltid er inkludert i prisen på sommarsesjonen. Her er flotte rom og tilbod om overnatting med ulik standard, alt frå familierom i hotellstandard med eige bad, internettilkopling og TV, til enkeltrom med køyesenge. Dei fleste romma har også eigen balkong med vakker utsikt. I tillegg til soveromma har bygningen gode undervisningsrom/amfi, spisesal, fleire stover og koselige fellesareal med trådlaust nettverk, biljard, bordtennis og TV. Her er også servicestasjonar for vasking og tørking av klede.

Det er golfbaner (mellom anna ei ny bane 5 minutt frå skulen), drivingrange med treningsområde til golf, fin sandstrand, beachvolleybane, klatrehall og utandørs klatrefelt.

 

Panorama-oppholdsrom

Sunnmøre Folkehøgskule er ein rus- og alkoholfri stad. Det tyder at dei ikkje serverar alkohol på staden. Dei tilsette som arbeider der under sommarsesjonen ynskjer ikkje å rydde korkje tomme flasker eller fulle folk ut av fellesromma . Men kva folk gjer på romma sine eller har i glasa sine bryr dei seg ikkje om.

Sjå fleire bilete frå SuFH sine heimesider.

 

In English:

During this year’s Summer Session we’re staying at Sunnmøre Folkehøgskule in beautiful Ulsteinvik. Since 1844, youth from all of the Nordic countries have attended a year to boarding school before starting their adult lives. They got to immerse themselves into own interests, additional study points and life experience. In a boarding school one shouldn’t just get an experience for life, but also an opportunity to grow as a human being. Previously the facilities was hotel and conference center, but from year 2006, Sunnmøre Folkehøgskule took over. During the summer months, the school serves as hotel and hostel.

Accommodation and meals are included in the Summer Session conference fee. Sunnmøre Folkehøgskule offer everything from hotel standard family rooms with bathroom, internet access and TV, to single rooms with bunk beds for four to share. Most rooms also have their own balcony with a beautiful view. The building also houses dining hall, multiple common areas with WiFi, pool tables, table tennis and television. There are also service stations for laundry.

Not far from the school you will find a golf course, a sand beach, a beach volley court, a climbing hall and an outdoors climbing area.  

Sunnmøre Folkehøgskule do not serve alcohol. The employees do not want to clean up empty bottles or drunk people from the common areas. However, what you have in your glass or do in your room is your own business.

Look at more pictures of rooms and accommodation.

 

  Logo_sufh_lysbla copy