Kulturprogram/Cultural Program

Festmiddag på Runde Miljøsenter/Exclusive dinner at Runde

Posted on: March 18th, 2013 by admin

Runde Miljøsenter er ein internasjonal miljøforskingstasjon, eit formidlingsenter og ein møteplass for kurs, seminar og konferansar, opna i 2009. Senteret ligg i eit freda og svært sårbart naturområde og har det fremste innan miljøteknologi. Intensjonen er å etablere ein infrastuktur for overvaking og forsking på miljøet og å promotere berekraftig teknologi innan fiske, fangst og energiproduksjon, og auke fokuset på dei viktige havområda utanfor Møre, eitt av dei viktigaste gytefelta i norske farvatn. Runde Miljøsenter inviterer NSU til festmiddag, guida tur i fugleutstillinga, samt visning av den storslåtte dokumetarfilmen «Havets sølv». Vårt kjøkken forankrar sin meny i lokalt produserte råvarer. Sjølvsagt står den ypperste kvalitet av fisk på menyen. 

IMG_7143IMG_3002anordisk-11111

Runde er ei vakker øy i Herøy kommune på Sunnmøre med om lag 115 busette. Her vil det bli arrangert festmiddag for alle deltakarar. Øya Runde er internasjonalt kjend for fuglefjellet, med 500 000 sjøfuglar. Den sjeldne lundefuglen er mellom desse. Det er også mogeleg å bli med på tur i kystsjark rundt øya, kor du kan komme heilt inn på den flotte, ville naturen Runde har å tilby. Her kan du, i tillegg til å se fuglane, oppleve selkoloniar, store flokkar med havørn og anna fugl.

Les meir

 In English:

Runde is an island in the municipality of Herøy in Møre og Romsdal county. It will be arranged a dinner for all participants here. Runde is famous for its enormous amount of birds, and it is said that there are about 500 000 seabirds inhabiting the island, most of them are to be found in the cliffs. If you want to come even closer to the magnificent and wild landscapes Runde has to offer, you can join a guided boat trip around the island where you, in addition to the birds, can experience seal colonies living in the area.